Oikos - framtidspodden cover art

Oikos - framtidspodden

Oikos - framtidspodden

By: KRISTIAN STARHEIM
Listen for free

Summary

Ein podkast om miljø, klima og natur

Fordi vi må løyse det saman

Fordi vi må finne ut kva som gir eller hindrar framgang

Fordi vi både treng inkludering og analyse

Og fordi vi rett og slett må bu oss.

For ein ansvarlig økologisk politikk

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

KRISTIAN STARHEIM
Science Social Sciences
Episodes
  • Distriktspolitisk parterapi
    May 18 2026

    Vi inviterer Senterrparttist Erling Sande - kan han få. Kristian til å bli senterpartist? Senterpartiet og MDG er etter mi meining to av dei partia som i størst grad har politikk for norske distrikt og landbruk. Ein vågal påstand kanskje - med to parti som støtt er i tottane på kvarandre. Men eg trur dei to partia har mykje å snakke om - klarer dei å legge vekk eit par saker. Så i denne episoden spør eg Senterpartiet sin Erling Sande om ALT eg lurer på om senterpartiet. Og i bakgrunnen lurer FrP....


    Eg har lenge ønska å ha ein episode med Senterpartiet på podkasten. Distriktspolitikk heng tett saman med miljø, natur og klima, så vel som identitet og kultur i Norge. Senterpartiet er det partiet som i størst grad ser på seg sjølv som distrikta si stemme. I eit samfunn der stadig fleire flyttar til dei større byane, og desse områda set stadig meir av agendaen for samfunnsutviklinga, treng vi sterke distriktsstemmer. Og ingen kan skulde senterpartiet for å vere noko anna. På sitt beste evnar Senterpartiet å setje saker på dagsorden som er gløymt eller rett og slett ignorert. Dette trur eg var årsaka til partiet sitt sterke resultat i stortingsvalet i 2021, då dei fekk 13,5% og gjekk i regjering med arbeiderpartiet.


    Men, som oppvoksen på bygda, flytta til byen, og så tilbake til bygda så har eg like ofte vore frustrert over Senterpartiet. Om dei var gode på problembeskrivingar i 2021, så er eg usikker på om dei lukkast like mykje med løysingar. Dei brukte mykje politisk kapital på saker som oppdeling av Viken fylke og gratis ferger. Store saker som kommuneøkonomi, derimot, som kanskje er den virkelig store elfenten i rommet i distriktsnorge, var det mindre snakk om.

    Dette viste også att på oppslutninga, som dala. Partiet miste velgarar, og Sp tok til slutt (etter mi meining) «ein FrP» og gjekk ut av posisjon for å styrke seg som opposisjonsparti i god tid før neste val. Ja, det var nett FrP partiet miste velgarar til – eit anna parti som somme (meg inkludert) vil seie er betre på problembeskrivingar enn løysingar. Og det er ingen tvil om at alle som brenn for distrikta bør vere obs på FrP. For partiet er no norges absolutt største distriktsparti.

    Kva har vore Senterpartiet sitt svar på dette? Mi oppfattning er at strategien har dreia mot det eg ser på som meir “konservativ bygdepopulisme”, der identitetspolitikk, petroleum og kulturkonservatisme køyrast fram på bekostning av miljø, omstilling og eit inkluderande distriktsfellesskap. Kort sagt målbærer Senterpartiet sin retorikk no i mange tilfelle nett dei utkantane som meg og mange andre har ønska å flytte frå, og som på ingen måte reflekterer den bygda eg flytta heim til.


    Årsaken kan ein sjølvsagt mistenke, er at Sp har mista så mange velgarar til FrP, og at partiet no er i drift mot høgre. Det er i så fall veldig synd, for vi treng eit parti med positive og inkluderande visjonar for distrikta som no og i dei komande åra skal møte enorme endringar og utfordringar i klima, natur og næringsliv. For det meinar eg framleis: Senterpartiet er eit løysingsorientert sentrumsparti med mange andlet. Ja, før dei fann ut at det ikkje var så kult allikavel, så hadde partiet programfesta omstilling av norsk petroleumssektor – for eksempel. Partiet har absolutt eit potensiale i seg til å vere med å stake ut ein positiv og berekraftig visjon for sterke og levande norske distrikt. Men korleis?

    Difor ønsker eg å snakke med Erling Sande - Gloppar og ein tydelig senterpartipolitikar. Om visjonar for distrikta. Miljø, og omstilling i ei verd der natur- og klimautfordringane vil påverke oss stadig meir, og der distriktsnorge faktisk har store moglegheiter - om vi vel å gripe dei.


    Foto: Senterpartiet

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    59 mins
  • Styrer oljebransjen norsk klimapolitikk?
    May 11 2026

    Forskar og forfattar Bård Lahn forklarer korleis Noreg både kan opne nye gassfelt og innføre rådyre klimatiltak. Korleis er det mogleg!?! Kristian ser fanden på flatmark og blir NESTEN konspiratorisk: dette er det oljepolitiske komplekset!!


    I førre veke kom nyhenda at regjeringa gjenopnar tre gassfelt og opnar for leiting på 70 nye stadar på norsk sokkel – nokon av dei uvanlig nær kysten. Dette burde ikkje vere noko overrasking frå arbeiderpartiet, som vil utvikle og ikkje avvikle norsk petroleumsnæring. Likevel er det jo eit skisma i norsk politikk at vi har ambisiøse klimamål og rådyre klimatiltak på norsk landjord, samtidig som vi held fram å stimulere vår største kjelde til CO2, nemlig norsk petroleumssektor. Korleis får vi dette til å henge saman? Ja, samanlikna med våre naboland så er dette like særnorsk som brunost og grandiosa.

    Så dagens tema er petroleum og klima. Nærare bestemt om det har noko å seie for norsk klimapolitikk at petroleumssektoren er norges største næring.

    Med oss for å diskutere dette har vi sjølvaste Bård Lahn – veldig kjekt. Ein av dei eg hadde i tankane då eg starta denne podden.

    Bård Lahn har jobba med klima lenge. Han er i dag forskar og forfattar, førsteamanuensis verd Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved Universitetet i Oslo, og tilknytta Cicero Senter for klimaforsking. Tidligare har han jobba for Naturvernforbundet og vore leiar av Natur og ungdom. Eg vart merksam på Lahn då eg plukka opp boka hans «Klimaspillet» frå 2013 – noko så sjeldan som ei veldig spennande og forståelig bok om internasjonale klimaforhandlingar, der Lahn var med som observatør.

    I haust kom han med ei ny bok: «Kven bestemmer over klimaet – ei kort bok om eit nesten umulig spørsmål». Og når han ikkje skriv framifrå innføringar i svært kompliserte tema, så jobbar han med tilsvarande kompliserte tema – som til dømes norsk petroleumssektor og norsk klimapolitikk. Og det er difor Lahn er gjest her i Oikos – for i dag skal vi snakke om eit stort og viktig (og kanskje litt vanskelig og vondt tema) nemlig kva påverknad norsk petroleumssektor har på norsk miljøpolitikk.


    Relevante og omtalte saker i podden:

    https://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S2214629626002215?dgcid=coauthor

    https://www.energiogklima.no/meninger-og-analyse/debatt/store-tar-feil-om-behovet-for-oljeleting

    https://www.nrk.no/rogaland/regjeringen-med-storoffensiv_-gjenapner-tre-gassfelt-og-utvider-letearealet-kraftig-1.17871553

    https://forlaget.manifest.no/products/hvem-bestemmer-over-klimaet

    https://www.forskning.no/makt-partner-penger/norge-er-mye-mer-elitestyrt-enn-de-flest-av-oss-er-klar-over/2657689

    https://www.uio.no/forskning/forskningsnytt/apollon/artikler/2026/2-tema-klimapolitikk.html

    https://www.idunn.no/doi/epdf/10.18261/nost.7.4-5.5

    https://forlaget.manifest.no/collections/alle-produkter/products/hvem-bestemmer-over-klimaet


    Foto: Erik Engblad (UiO)

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    1 hr and 11 mins
  • Kraft OG natur - ja faktisk!
    May 4 2026


    Sidan eg er litt interessert i miljø og klima og slikt, er sosiale medier fulle av fornybar kraft

    Som eg har snakka om tidligare her på podkasten, har prisen på vind og sol gått ned, noko som tilsynelatande gir høg stemning i fornybarbransjen i mange land.

    Mange snakkar om fornybar no – og det er utan tvil viktig.

    Vi kan kalle det ein fornybar-boom.

    Science kalla dette årets gjennombrot i 2025 - at fornybar no kan konkurrere med fossil i pris.

    Det er så klart mange spørsmål igjen - særlig dette med kraft som ferskvare og batterikapasitet.

    Men også areal. For vind og sol er potensielt svært arealkrevjande.

    Konfiktene kring vind har vist at dette er brennbart.


    Så er det store spørsmålet: klarer vi å tenke to tankar samtidig – klarer vi å tenke både fornybar kraft og bevaring av natur?

    Og det er grunnen til at vi har dagens gjest her – Kristina Fröberg, seniorrådgivar for klima og energi i WWF. For WWF publiserte tidligare i vinter rapporten «Naturguide for norsk omstilling», som tar for seg nett dette: korleis fornybar energi og natur kan gå hand i hand.


    Rapporten:

    https://www.wwf.no/klima-og-energi/gr%C3%B8nt-kraftl%C3%B8ft


    Foto: WWF

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    Show More Show Less
    1 hr and 18 mins
adbl_web_anon_alc_button_suppression_c
No reviews yet