Distriktspolitisk parterapi
Failed to add items
Add to basket failed.
Add to wishlist failed.
Remove from wishlist failed.
Adding to library failed
Follow podcast failed
Unfollow podcast failed
-
Narrated by:
-
By:
Summary
Vi inviterer Senterrparttist Erling Sande - kan han få. Kristian til å bli senterpartist? Senterpartiet og MDG er etter mi meining to av dei partia som i størst grad har politikk for norske distrikt og landbruk. Ein vågal påstand kanskje - med to parti som støtt er i tottane på kvarandre. Men eg trur dei to partia har mykje å snakke om - klarer dei å legge vekk eit par saker. Så i denne episoden spør eg Senterpartiet sin Erling Sande om ALT eg lurer på om senterpartiet. Og i bakgrunnen lurer FrP....
Eg har lenge ønska å ha ein episode med Senterpartiet på podkasten. Distriktspolitikk heng tett saman med miljø, natur og klima, så vel som identitet og kultur i Norge. Senterpartiet er det partiet som i størst grad ser på seg sjølv som distrikta si stemme. I eit samfunn der stadig fleire flyttar til dei større byane, og desse områda set stadig meir av agendaen for samfunnsutviklinga, treng vi sterke distriktsstemmer. Og ingen kan skulde senterpartiet for å vere noko anna. På sitt beste evnar Senterpartiet å setje saker på dagsorden som er gløymt eller rett og slett ignorert. Dette trur eg var årsaka til partiet sitt sterke resultat i stortingsvalet i 2021, då dei fekk 13,5% og gjekk i regjering med arbeiderpartiet.
Men, som oppvoksen på bygda, flytta til byen, og så tilbake til bygda så har eg like ofte vore frustrert over Senterpartiet. Om dei var gode på problembeskrivingar i 2021, så er eg usikker på om dei lukkast like mykje med løysingar. Dei brukte mykje politisk kapital på saker som oppdeling av Viken fylke og gratis ferger. Store saker som kommuneøkonomi, derimot, som kanskje er den virkelig store elfenten i rommet i distriktsnorge, var det mindre snakk om.
Dette viste også att på oppslutninga, som dala. Partiet miste velgarar, og Sp tok til slutt (etter mi meining) «ein FrP» og gjekk ut av posisjon for å styrke seg som opposisjonsparti i god tid før neste val. Ja, det var nett FrP partiet miste velgarar til – eit anna parti som somme (meg inkludert) vil seie er betre på problembeskrivingar enn løysingar. Og det er ingen tvil om at alle som brenn for distrikta bør vere obs på FrP. For partiet er no norges absolutt største distriktsparti.
Kva har vore Senterpartiet sitt svar på dette? Mi oppfattning er at strategien har dreia mot det eg ser på som meir “konservativ bygdepopulisme”, der identitetspolitikk, petroleum og kulturkonservatisme køyrast fram på bekostning av miljø, omstilling og eit inkluderande distriktsfellesskap. Kort sagt målbærer Senterpartiet sin retorikk no i mange tilfelle nett dei utkantane som meg og mange andre har ønska å flytte frå, og som på ingen måte reflekterer den bygda eg flytta heim til.
Årsaken kan ein sjølvsagt mistenke, er at Sp har mista så mange velgarar til FrP, og at partiet no er i drift mot høgre. Det er i så fall veldig synd, for vi treng eit parti med positive og inkluderande visjonar for distrikta som no og i dei komande åra skal møte enorme endringar og utfordringar i klima, natur og næringsliv. For det meinar eg framleis: Senterpartiet er eit løysingsorientert sentrumsparti med mange andlet. Ja, før dei fann ut at det ikkje var så kult allikavel, så hadde partiet programfesta omstilling av norsk petroleumssektor – for eksempel. Partiet har absolutt eit potensiale i seg til å vere med å stake ut ein positiv og berekraftig visjon for sterke og levande norske distrikt. Men korleis?
Difor ønsker eg å snakke med Erling Sande - Gloppar og ein tydelig senterpartipolitikar. Om visjonar for distrikta. Miljø, og omstilling i ei verd der natur- og klimautfordringane vil påverke oss stadig meir, og der distriktsnorge faktisk har store moglegheiter - om vi vel å gripe dei.
Foto: Senterpartiet
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.